naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Er kjernekraft grøn energi?
Kva skjer ved eit kjernekraftverk?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Spør: Kva trur de folk meiner når dei snakkar om grøn energi? Korleis verkar eit kjernekraftverk? Kva slags brensel brukar ein kjernereaktor? Kva slags avfall produserer eit kjernekraftverk og kvar skjer med avfallet? Be elevane lese leksikontekst om kjernekraftverk og sjå animasjon om kjernekraft for å finne svar. Be dei noter stikkord om det dei finn ut.
Be elevane lage ein tabell som viser fordelar og ulemper til kjernekraft samanlikna med andre alternativ. Be dei tenke at dei er energiminister og bruke tabellen til å skrive ein kort erklæring om vi skal investere i kjernekraftverk i framtida eller ikkje.
Faglig forklaring
Kjernereaktorar brukar radioaktive stoff for å varme vatn, som igjen blir brukt til å lage elektrisitet. Kjernereaksjonar frigir mykje energi utan å bruke mykje radioaktivt brensel. Radioaktivt brensel vil vere tilgjengeleg i tusenvis av år, men det er energikrevjande å utvinne det. Det krevst energi og ressursar for å bygge kjernekraftverk, og dei blir farlegt radioaktive når dei blir for gamle og går ut av bruk. Dei produserer ikkje drivhusgassar som karbondioksid, men dei produserer radioaktivt avfall som nøye må bli tatt hand om. Noko av avfallet må bli lagra i hundrevis eller tusenvis av år før det er trygt, og kjernekraftulukker kan vere veldig alvorlege. Alt i alt er kjernekraftverk mykje meir energieffektivt enn kol, gass og olje.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
- drøfte hvordan energiproduksjon og energibruk kan påvirke miljøet lokalt og globalt (KM842)
-
Vg1 SF
- utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserende stråling, og vurdere informasjon om stråling og helseeffekter av ulike strålingstyper (KM817)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)