naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
Resirkulere eller gjenbruke?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Be elevane undersøke på nettsidene til kommunen kva som skjer med emballasjeavfallet, kva blir resirkulert og kva blir gjenbrukt.
Faglig forklaring
Enorme mengder emballasje blir kasta kvart år. Gjenbruk og resirkulering minkar ressursbruken, energibehovet og søppelmengda. For eksempel er glas laga av sand, men det må mykje energi til for å gjere sand om til glas. Glas blir resirkulert ved å smelte og omforme til nytt glas. Vi kan vaske og gjenbruke glas heime eller gamle glas kan samlast inn, transportert og desinfisert slik at dei trygt kan bli brukt på nytt. Å gjenbruke glas betyr at vi ikkje brukar energi for å smelte det og at det blir brukt mindre energi enn om vi resirkulerer eller lagar nytt glas.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Tverrfaglige temaer
- Bærekraftig utvikling (TT3)