Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Straumlinjeform hos pingvinar

Har utsjånaden til pingvinane nokon samanheng med korleis dei lever?

 

2.14 Straumlinjeform hos pingvinar (nynorsk)

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Forklar at straumlinjeform betyr at noko er avrunda for å minke motstanden frå luft eller vatn. Spør: Kan de finne fleire eksempel på at noko er straumlinjeforma i naturen? Eller i industrien? Kvifor kan det vere lurt å ha denne forma?

Be elevane teikne korleis mellomstadia kan ha sett ut mellom dagens pingvinar og ein flygande fugl som åt fisk.

Faglig forklaring

Sjølv om vi ikkje veit heilt sikkert korleis mange organismar har utvikla seg, støttar bevisa vi har hovedideane i evolusjonsteorien. Det er funne mange fossil, dei eldste er 36 millionar år gamle, som hjelper oss til å forstå korleis pingvinane har utvikla seg. Vi trur at pingvinane utvikla seg frå ein fugletype som kunne fly. Men sidan dei først og fremst åt fisk, var mutasjonar som gjorde dei i stand til å svømme heller enn berre å gli i vatnet, nyttige for å skaffe seg mat. Dette auka sjansen for å overleve, slik at desse mutasjonane i større grad blei overført til nye generasjonar. Andre mutasjonar førte til straumlinjeform, noko som gjorde at pingvinane kunne svømme raskare og dermed fange meir fisk. Desse mutasjonane blei også overført til avkomma, og pingvinar med desse mutasjonane fekk større sjanse til å overleve og formere seg. Pingvinane utvikla seg til å bli straumlinjeforma på grunn av fordelen dette hadde for å overleve. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • beskrive hvordan forskere har kommet fram til evolusjonsteorien og bruke denne til å forklare utvikling av biologisk mangfold (KM825)
    • Vg1 SF
      • beskrive DNA og hvordan egenskaper arves, og gjøre rede for hvordan arv er en forutsetning for evolusjon (KM819)
    • Vg3 Påbygging
      • beskrive DNA og hvordan egenskaper arves, og gjøre rede for hvordan arv er en forutsetning for evolusjon (KM735)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)