Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Kva skjer når noko døyr?

Blir daude organismar til jord?

 

2.7 Grubleteikning - Kva skjer når noko døyr (nynorsk)

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Del ut ei neve jord til to og to elevar og la dei studere jorda nøye for å sjå på kva ho består av. Be dei sjå etter levande organismar eller noko som kjem frå levande organismar. 

Be elevane planlegge korleis dei kan undersøke kva som skjer når ei frukt rotnar. Snakk om kompost, kva som vil rotne og kva som ikkje vil rotne der, og om alt vil forsvinne heilt når det rotnar. Spør: Kva samanheng er det mellom kompost og planter som veks?

Sei: Tenk dere ein stad med lite nedbrytarar, for eksempel i ei myr. Kva trur dere vil skje der? 

Faglig forklaring

Jord er ei blanding av levande og ikkje-levande materiale. Jorda består av nedbrotne steinpartiklar og av daude planter og dyr i ulike stadium av nedbrotningsprosessen. Når organismar døyr, startar dei å bli brotne ned til enkle molekyl av bakteriar og sopp. Nokre delar av dei daude organismane kan bruke mange år på å rotne, for eksempel tre og bein. Meitemark og andre virvellause dyr et rotne planterestar som passerer gjennom kroppen deira og tilfører næringsstoff til jorda. Næringsstoffa blir tatt opp i planterøtene, men plantene brukar ikkje opp jorda. Vanlegvis vil nedbrotne planter og dyr blir tilført jorda kvart år, slik at jorda blir høgare og høgare. Dette er ein av grunnane til at vi finn gjenstandar frå tidlegare tider nedgravne under fleire jordlag. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Bakgrunnsstoff

Læremiddel