naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
Kva gjer sprøytemiddel?
Kan bruk av sprøytemiddel gi utilsikta verknadar?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Studer bladlus på ei plante eller sjå på bilde. Be elevane finne informasjon i bøker eller på Internett om kva bladlus et, kva for dyr som et bladlus og kva for næringskjeder dei inngår i. Diskuter kvifor ein gartnar vil ønske å drepe dei. Spør: Korleis trur de at ein økologisk gartnar kan unngå bladlus utan å bruke sprøytemiddel?
Be elevane skissere næringskjeder som inneheld bladlus og beskrive kva for effekt dei trur sprøytemiddel og biologisk kontroll kan ha. Be dei bruke Internett for å sjekke om det dei trudde stemte.
Faglig forklaring
Bladlus er ei insektsgruppe som et næringsrik saft frå planter. Dei formerer seg raskt og bli til mange hundre bladlus som syg så mykje saft frå ei plante at ho kan bli skada eller til og med døy. Nokre sprøytemiddel drep bladlus og ikkje noko anna, men mange sprøytemiddel drep også nyttige insekt. Bladlus er små, saftige og treige, så dei er eit perfekt måltid for predatorar. Dersom bladlusene har fått i seg sprøytemiddel, vil dei som et dei også få i seg sprøytemiddel. Kvar predator kan ete mange bladlus, så dei vil få i seg mykje meire sprøytemiddel og kanskje bli forgifta. Dersom bladlusene blir drept av sprøytemiddelet, vil predatorane kunne svelte, avhengig av kva for andre matkjelder som er tilgjengelege. Bladlus kan bli fjerna biologisk ved å sette ut predatorar som et dei. Gartnarar kan sette ut marihønelarver i hagen.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
10. trinn
- gi eksempler på og drøfte aktuelle dilemmaer knyttet til utnyttelse av naturressurser og tap av biologisk mangfold (KM810)
-
Vg1 SF
- gjøre rede for hvordan noen miljøgifter kan akkumuleres i næringskjeder, og vurdere tiltak for å ta vare på helse og miljø (KM821)
-
Vg1 NA
- undersøke problemstillinger knyttet til arealbruk, gjøre rede for hvordan endringer kan påvirke økosystemer, og foreslå bærekraftige løsninger (KM686)
- gjøre rede for hvorfor noen grunnstoffer er viktige for liv, og vurdere hvordan menneskelig aktivitet kan påvirke kretsløpene til disse stoffene (KM688)
-
Vg3 Påbygging
- gjøre rede for hvordan noen miljøgifter kan akkumuleres i næringskjeder, og vurdere tiltak for å ta vare på helse og miljø (KM737)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Tverrfaglige temaer
- Bærekraftig utvikling (TT3)