Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Store øyre hos elefantar

Kvifor viftar elefantane med slike store øyre?

 

2.2 elefantar NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Be elevane finne informasjon i bøker og på Internett om øyra til elefantar. Korleis dei ser ut, korleis dei er bygde opp innvendig og kva dei blir bruka til. Be dei finne bilde av dei tre elefantartane og snakk om kva som skil dei. Kva for andre tilpassingar har elefantar og kvifor er desse tilpassingane viktige?

Afrikanske og asiatiske elefantar har ulik størrelse på øyra. Korleis kan det henge saman med stadane dei lever? Be elevane lage ein figur for å vise kvifor øyra har ulik størrelse. 

 

Faglig forklaring

Øyra til ein elefant er viktige for å høyre, men det er ikkje derfor dei er så store. Å vifte med dei store øyra er viktig for å regulere kroppstemperaturen. Dei store dyra kan lett bli for varme i varme strok. Øyra er bygd opp av eit tynt hudlag med god blodforsyning. På varme dagar vil elefantar vifte med øyra sine. Luftstraumen vil kjøle ned blodet i øyra med opptil 6 °C før det fortset rundt i kroppen. 

Elefantane bruker også øyra sine til å kommunisere. Ved å løfte på øyra ser dei større ut for andre elefantar eller rovdyr. Dei brukar også øyra i parringstida. Dei viftar med øyra for å spreie ei lukt som andre elefantar merkar. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)