naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
- geofag x og 1
- geofag 2
Effekten av klimaendringer
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Be elevane lese om klimaendringar i ulike kjelder. Be dei finne ut korleis klimaet endrar seg og særleg sjå etter endringar i isbrear, nedbør, korallrev, tørke og utbreiing av planter og dyr. Be dei bruke Internett for å finne vêrdata gjennom mange år for lokalområdet. Spør: Kva for endringar vil klimaendringar skape i liva våre? Kvifor trur de at nokon ikkje aksepterer vitskaplege bevis om klimaendringar?
Spør: Dersom klimaet endrar seg, kva for effektar kan dette få? Kvifor? Be dei bruke nettstadar som Practical Action for å lage ein oversikt over vanlege spørsmål og informasjon som kan gi svar på spørsmåla.
Faglig forklaring
Klima er noko anna enn vêr. Vêr beskriv det vi opplever frå dag til dag, slik som temperatur, nedbør, vind med meir. Klimaet beskriv vêrmønster gjennom mange år. Det er sterke bevis for at det er klimaendringar. Forskarar meiner at dette sannsynlegvis er ei følge av auka mengde av karbondioksid i atmosfæren, noko som aukar jordas gjennomsnittstemperatur. På grunn av dette er klimaet meir foranderleg, med meir ekstremvêr. Nokre stadar er det meir nedbør enn før. Dette kan føre til flom, slik at folk mistar hjemma sine. Andre stadar er det mindre nedbør, slik at tørke øydelegg avlingar.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
10. trinn
- beskrive drivhuseffekten og gjøre rede for faktorer som kan forårsake globale klimaendringer (KM840)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Tverrfaglige temaer
- Bærekraftig utvikling (TT3)