naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
Kva for organismar utviklar seg gjennom evolusjon?
Utviklar eincella organismar seg? Eller er det berre større dyr som gjer det?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Samtal med elevane om kva evolusjon betyr. Spør: Er det slik at alle dyr har utvikla seg over tid eller er det nokre som aldri har endra seg? Be elevane diskutere om ein elefant alltid har hatt snabel og om kvalar alltid har hatt eit tjukt spekklag. Be elevane finne ut kva antibiotiakresistente bakteriar er og når desse først blei identifiserte.
Be elevane finne ut korleis evolusjonsteorien utvikla seg.
Be elevane førestille seg eit veldig varmt miljø og beskrive ein organisme som kan leve der. Kva for eigenskapar vil denne organismen ha? Korleis vil arten utvikle seg dersom miljøet blir kaldare?
Faglig forklaring
Fossil og mangfaldet av nålevande dyr og plantar er sterke bevis for evolusjon. Evolusjon er den einaste sannsynlege forklaringa på korleis levande organismar har forandra seg over tid og gjort dei i stand til å overleve i ulike miljø. Alle levande organismar kan utvikle seg, men når noko allereie er tilpassa miljøet, er det ikkje nødvendig å forandre seg meir. Nokre mikroorganismar har ikkje endra seg på millionar av år fordi dei er så godt tilpassa. Andre sjukdomsframkallande bakteriar utviklar seg og blir antibiotikaresistente. Dei blir ikkje større eller meir komplekse, dei er framleis veldig enkle, eincella organismar. Motstandsdyktigheiten gjer at dei overlever betre sjølv om dei ikkje blir meir komplekse. For mange levande organismar er det ingen fordel å bli større.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
10. trinn
- beskrive hvordan forskere har kommet fram til evolusjonsteorien og bruke denne til å forklare utvikling av biologisk mangfold (KM825)
-
Vg1 SF
- beskrive DNA og hvordan egenskaper arves, og gjøre rede for hvordan arv er en forutsetning for evolusjon (KM819)
-
Vg3 Påbygging
- beskrive DNA og hvordan egenskaper arves, og gjøre rede for hvordan arv er en forutsetning for evolusjon (KM735)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
-
evolusjonutvikling av arter over lang tid