naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
Korleis lagar planter næring?
Kva treng eigentleg ei plante for å vekse og halde seg frisk?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
La elevane diskutere to og to kva dei meiner er den beste måten for å halde liv i ei potteplante. Be dei planlegge korleis dei kan finne ut om planter kan vekse utan jord, utan vatn, utan oksygen eller utan lys.
La elevane finne ein definisjon på omgrepet fotosyntese. Snakk om kva det betyr. Be dei finne ut meir om rothår. Bruk lysmikroskop for å sjå på rothår på ei frøplante. Spør: Dersom planter ikkje tar opp næringa si frå jorda, kvifor trur de dei treng røter og rothår?
Be elevane lage ein tabell for å vise kva som er likt og ulikt mellom celleanding og fotosyntese.
Faglig forklaring
Grøne planter lagar deira eiga mat i ein prosess som vi kallar fotosyntese. Det grøne klorofyllet i cellene i blada brukar energi frå sollyset for å sette saman karbondiosid og vatn til glukose i ein kjemisk prosess. Oksygen blir frigitt som eit avfallsprodukt gjennom prosessen. Ordet fotosyntese kjem frå det greske ordet for lys (photo) og setje saman (synthesis). Planter brukar glukosen i celleandinga for å skaffe energi til cellene sine, slik som dyr gjer. Glukose som blir til overs blir omdanna til stivelse for lagring i planta. Planter treng også nødvendige næringsstoff (kjemikal) som dei ikkje kan lage sjølve, slik som nitrogen, fosfor og kalium. Planter treng desse for å vekse godt og vere friske. Dei absorberer desse næringsstoffa løyste i vatn, gjennom røtene sine, men dei tar ikkje opp maten gjennom røtene.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
10. trinn
- stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
- utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)
- gjøre rede for hvordan fotosyntese og celleånding gir energi til alt levende gjennom karbonkretsløpet (KM805)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
-
celleåndingkjemisk reaksjon i levende organismer der glukose og oksygen omdannes til karbondioksid og vann og energi frigjøres
-
fotosyntesekjemisk reaksjon i grønne planter der karbondioksid og vann omdannes til glukose og oksygen ved hjelp av sollys