Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Korleis får soppar næring?

Er ein sopp som ei plante?

  Korleis får sopp næring?

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane snakke saman to og to om kva for sopp dei kjenner til og lage ei liste over stadar som dei vil forvente å finne desse. Spør: Kva kan denne oversikten seie om korleis sopp får næring? 

Tekstoppdrag: Bruk bøker eller Internett til å finne ut meir om korleis soppar får næring. 

Sei: Nokre sopptypar lagar antibiotika som penicillin, som hindrar andre levande organismar å vekse. Spør: Korleis trur de at dette kan vere til hjelp for ein sopp?

 

Faglig forklaring

Soppar er verken planter eller dyr. Sopp inkluderer både mikroorganismar som gjær og muggsopp, og større organismar som sjampinjong. Sopp blir klassifisert som eit eige rike. Sjølv om oppbygninga kan likne på planter, får dei næring på ein helt annan måte. Soppar driv ikkje fotosyntese, så dei kan ikkje lage sin eigen mat. Dei må få næringsstoff frå ei kjelde, slik som oss. Dei fleste soppar veks på daude og rotnande materiale, og dei spelar ei viktig rolle i rotningsprosessen. Dei frigjer enzym for å fordøye daudt materiale og absorberer næringsstoff gjennom trådar som kallast hyfer. Nokre soppar er parasittar og får næring gjennom andre levande organismar. Nokre av desse parasittane gir sjukdomar hos menneske. Andre soppar lever i symbiose med ein annan organisme, slik som algar. Soppen gjer at algen kan ta opp vatn og mineral, mens algen gir næringsstoff til soppen. Soppar hjelper også planterøter med å absorbere mineral frå jorda og får næringsstoff tilbake. Soppar spelar ei viktig rolle i ein komposthaug. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
      • utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Læremiddel