Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Størrelse på celler som deler seg

Blir det fleire eller større celler når ein organisme veks?

 

Størrelse på celler som deler seg

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane diskutere to og to kva det vil seie at levande organismar veks, og om omgrepet vekse kan ha flere tydingar. Spør: Kva trur de skjer med cellene når ein organisme veks? Be elevane skissere forslaga sine for å vise kva dei trur skjer. 

Tekstoppgåve: Bruk bøker eller Internett for å finne ut meir om vekst og celledeling. Spør: Kan celledeling kallast celleauking?

Spør: Trur de at celler deler seg i same fart i eit barn som i ein vaksen? Be dei lage ein graf for å vise korleis dei tenker seg at celledelingsfarten endrar seg gjennom livet.

Faglig forklaring

Organismar kan vekse ved å auke celletal og/eller cellestørrelse. Hos dyr skjer vekst først og fremst ved å auke celletalet, mens hos planter aukar både talet og størrelsen på cellene når planta veks. Celletalet aukar ved celledeling, der ei celle deler seg i to nye celler. Celledeling er del av ein syklus der cellene veks til ein viss størrelse før dei deler seg. Dei nye cellene veks før dei også blir store nok til å dele seg. Kompliserte kontrollfaktorar hindrar at cellene deler seg uendeleg. Ein kreftsvulst kan bli danna når desse kontrollfaktorane ikkje verkar skikkeleg. Celledeling er nødvendig for å erstatte celler som blir skada eller gamle, også når organismen ikkje blir større. For eksempel fortset hudceller og raude blodceller heile tida å bli bytta ut også når vi er vaksne. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • sammenligne celler hos ulike organismer og beskrive sammenhenger mellom oppbygning og funksjon (KM843)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)