naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
Når er det ein baby?
Kva kallar vi dei ulike stadia i fosterutviklinga?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Vis bilde av korleis ein baby utviklar seg i livmora. Spør: Når kan vi sjå at det er eit menneske under utvikling? Definer omgrepa zygote, embryo og foster, og sjå korleis desse passer med bilda. Spør: Kvifor trur de hovudet til babyen er så stort?
Be elevane lage ei tidslinje for å forklare nokon andre om dei ulike stadia i utviklinga av ein baby.
Faglig forklaring
Utviklinga av ein baby følger fleire stadium. Befruktninga skjer når ei sædcelle smeltar saman med ei eggcelle i kvinna. Sædcella og eggcella kallast kjønnsceller. Det befrukta egget kallast ein zygote. 12 timar etter befruktning startar zygoten å dele seg i fleire celler. Nokre dagar seinare er celleballen på størrelse med eit knappeholshovud og festar seg til livmorveggen. Morkaka og navlestrengen startar å utvikle seg. Celleballen kallast eit embryo i fleire veker, fram til dei viktigaste organa startar å utvikle seg. Da kallar vi det eit foster fram til fødselen. Men mange kallar det ein baby eller eit barn tidlegare enn dette.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Kropp og helse (KE71)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)