naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Diskusjonsoppgave
Passer for
- fysikk 1
Lydfart og radiobølgjer
Anta at under ein konsert blir stemma til ein songar kringkasta rundt til heile verda før denne lyden kjem fram til radioen som du held inntil øyret ditt. Det tek 1/8 sekund. Dersom du er nær nok, vil du høyre stemma gjennom lufta før du høyrer ho gjennom radioen. Men dersom du er langt nok borte, vil begge signala nå deg samtidig.
Kor mange meter frå songaren må du vere før dette skjer?
Faglig forklaring
Dersom du sit 42,5 m frå songaren, så vil lyden som gjennom radioen er kringkasta rundt heile jorda, og lyden som kjem gjennom lufta, nå deg på same tid, det vil seie etter 1/8 sekund. Avstanden i lufta = lydfarten x tida i lufta = 340 m/s x 1/8 s = 42.5 m.
Dersom du sit lenger borte, vil du høyre radiolyden før du høyrer lyden gjennom lufta.