naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- fysikk 1
Overlydsfly
Ei konisk sjokkbølgje blir skapt av eit overlydsfly som vist på figuren.
Vurder farten til flyet.
Faglig forklaring
Farten er omtrent det dobbelte av lydfarten, som vi kan sjå av vinkelen til sjokkbølgja.
Kvart segment av bølgja er ein sum (superposisjon) av kuleskal som utvidar seg og som blei skapt av flyet når det køyrte langs den stipla linja. Sentrum i kvar sirkel (sirkel er ei todimensjonal gjengiving av kuleskala) viser kor flyet var når kuleskalet blei laga. Ved å samanlikne avstanden som lyden har flytta seg med avstanden som flyet har flytta seg i same tidsrom, finn vi farten til flyet samanlikna med lydfarten. I dette tilfellet har flyet flytta seg dobbelt så langt som lyden i same tidsrom, og derfor kan vi seie at flyfarten er dobbelt så stor som lydfarten.