naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
Biltur
Ein bilist ønskjer å køyre 40 km med gjennomsnittsfarten 40 km/t. I løpet av dei første 20 kilometrane opprettheld han ein gjennomsnittsfart på 40 km/t.
Men i løpet av dei neste 10 kilometrane, er gjennomsnittsfarten berre 20 km/t. For å oppnå ein gjennomsnittsfart på 40 km/t, må farten dei siste 10 km vere
a) 60 km/t
b) 80 km/t
c) 90 km/t
d) raskare enn lyset
Faglig forklaring
d) Raskare enn lyset
Du må reise med ein uendeleg stor fart og avslutte siste del på 10 km på null tid, dersom du skal oppnå ein gjennomsnittsfart på 40 km/t. Kvifor? Fordi du har 1 time på turen og denne tida er brukt opp etter 30 km. Du brukte ½ time på halve vegen, 20 km, og ein ny halvtime på dei neste 10 km. Dersom du skulle bruke 1 time på heile strekninga på 40 km, er det inga tid igjen til dei neste 10 km.