naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Diskusjonsoppgave
Passer for
- fysikk 1
Stillas
Legg merkje til avlesingane på vektene. Målaren Bent veg 600 N, og han har med seg eit spann med måling som veg 100 N. Kva er vekta til stillaset?
Faglig forklaring
Svar: 500 N
Stillaset er i likevekt, derfor kan vi seie at F = 0, nemleg at netto kraft på stillasa er null. Det vil seie at summen av kreftene oppover er lik summen av kreftene som verkar nedover. Legg merkje til at summen av kreftene oppover kan vi lese av på vektene = 1200 N. Den totale krafta nedover må også vere 1200 N. Bent og målarspannet veg 700 N. Det vil seie at stillaset er 1200 N – 700 N = 500 N.