naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
Cabriole-tak
Du køyrer ein bil med samanleggbart tak og vindauga lukka. Du legg merkje til at taket bular litt meir oppover enn når du står i ro. For å kunne forklare dette interessante fenomenet, vil du bruke
a) Bernoullis prinsipp
b) Newtons lover
c) Begge
Faglig forklaring
Svar: a) Bernoullis prinsipp
Ei væske aukar farten når den strøymer inn i eit meir avgrensa område. Bilen din vil på ein eller annan måte hjelpe til med at lufta som strøymer forbi, flytter seg i eit meir avgrensa område. Lufta som strøymer over taket, får større fart. Kva hender med trykket i ei væske som aukar farten? Bernoullis prinsipp gir svaret: Trykket minkar. Redusert atmosfærisk trykk på taket og ikkje noka endring i trykket inni bilen, fører til at trykkforskjellen får taket til å bule litt meir oppover. Hurra for Bernoulli!