naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- fysikk 1
Kva for ei lampe lyser sterkast?
Ei lyspære på 40 W og ei lyspære på 100 W er kopla i serie til batteriet. Kva for ei lyspære gløder sterkast?
Faglig forklaring
Lyspæra på 40 W vil gløde sterkast når dei blir kopla i serie.
Glødetråden i ei 40 W lyspære er tynnare, og han har derfor større resistans enn glødetråden i ei 100 W lyspære. Større resistans gjer at det går mindre straum gjennom denne pæra, dersom pærene blir parallellkopla. Då vil straumen gjennom 40 W-pæra vere 40/100 av straumen gjennom 100 W-pæra. Då går det altså ein større straum gjennom 100 W-pæra, og ho vil gløde sterkast. Men når pærene blir kopla i serie, blir straumen den same gjennom begge pærene og han blir mindre. Den same straumen ”pressar seg gjennom” den tynnare tråden i 40 W-pæra og får ho til å lyse meir enn 100 W-pæra.