Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10

Skibakke

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om kven som køyrer raskast ned ein skibakke, og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Skibakke

Faglig forklaring

Når vi renn på ski utfor ein bakke, er det gravitasjonskrafta (komponenten av krafta som er parallelt med bakken) som gjer at farten vår aukar – vi blir akselererte. På same måte som i grubleteikninga Strikkhopparar, vil ikkje forskjell i massen til personen/vekt påverke farten ned bakken i nokon særleg grad. Som tilfellet i grubleteikninga Fallrørsle med fjøra og papiret er det luftmotstanden som er avgjerande. Storleiken på skiene kan påverke alpinisten sin kontroll over køyringa, men dei påverkar ikkje farten til alpinisten i særleg grad.

Kommentarer/praktiske tips

Situasjonen på teikninga kan utforskast ved å samanlikne farten til gjenstandar med forskjellig masse/vekt som glir ned eit skråplan. Elevane kan også lage modellar av skibakkar i snøen og sleppe forskjellige gjenstandar utfor.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Energi og materie (KE69)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)