naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
Svarttrost
Kva skjer med svarttrosten dersom dei et opp alle meitemakkane i eit område? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Denne grubleteikninga gir hint om at svarttrosten har fleire valmoglegheiter dersom det blir for lite av ein type mat. Blir det lite meitemark, kan fuglane velje alternative matkjelder, svarttrosten ernærer seg rett nok på små virvellause dyr og frø framfor larvar. Fuglane kan vere i stand til å finne nye territorium, men dersom populasjonen av svarttrost er stor, kan alle tilgjengelege territorium allereie vere fulle.
Kommentarer/praktiske tips
Diskusjonane rundt grubleteikninga kan inspirere til observasjonsstudium over lang tid av etevanane til svarttrosten. Korleis er dette for trekkfuglar som et larvar om sommaren, men som ville svelte om vinteren fordi det ikkje er nokre larvar tilgjengeleg?
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
10. trinn
- utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Tverrfaglige temaer
- Bærekraftig utvikling (TT3)