naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 3-4
- ungdomstrinn 8-10
Rotnande eple
Kva får eple til å rotne fort? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Ei vanleg kvardagsførestilling er at rotning skuldast ugunstige forhold i omgivnadene som på ein eller annan måte angrip organisk materiale. Men organisk materiale rotnar på grunn av aktiviteten til mikroorganismar (mikroskopiske organismar som bakteriar). Dette er kanskje ikkje ei sjølvfølge ettersom vi ikkje kan sjå mikroorganismane med auget vårt. Fukt, temperatur og pH er eksempel på faktorar som kan påverke kor raskt mikroorganismane kan bryte ned for eksempel eit eple.
Kommentarer/praktiske tips
Vi kan undersøke kva som påverkar kor fort rotninga skjer ved å legge eplet på ulike typar jord og ved å ha ulike vilkår i omgivnadene. Aktiviteten til mikroorganismane kan hemmast ved jamleg bruk av desinfeksjonsvæske eller bakteriedrepande spray på eplet.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfaget.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
10. trinn
- utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)