naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Rørsla til sola
Diskuter utsegnene i grubleteikninga om rørsla til sola og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Situasjonen her tek for seg same problemstilling som under grubleteikninga Jordrotasjon. For ein observatør på den nordlege halvkula vil det sjå ut som om sola står opp i aust, flytter seg over himmelen i sør og går ned i vest. På den sørlege halvkula vil det også sjå ut som om sola står opp i aust, går over himmelen i nord før ho går ned i vest. Dersom du reiser frå nordleg til sørleg halvkule, kan dette opplevast forvirrande.
Kommentarer/praktiske tips
Ved hjelp av ein globus, ei kraftig lyskjelde og ein menneskefigur som kan flyttast rundt på jorda kan ein lage ein modell av situasjonen. Ein kan også få informasjon om sola si relative rørsle ved å ta kontakt med folk på forskjellige stader på jorda eller finne opplysningar i avisa eller på Internett. Ta gjerne bilete eller video av rørsla til sola over himmelen (pass på auga, bruk filter eller formørkingsbriller!), eller register endringa av skuggen frå ein pinne eller eit tre.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
2. trinn
- undre seg, utforske og lage spørsmål, og knytte dette til egne eller andres erfaringer (KM679)
-
4. trinn
- undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar (KM793)
-
7. trinn
- beskrive og visualisere hvordan døgn, månefaser og årstider oppstår, og samtale om hvordan dette påvirker livet på jorda (KM803)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)