naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Kva er ei solformørking?
Diskuter utsegnene i grubleteikninga om solformørking og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Det blir solformørking når månen passerer mellom jorda og sola, og månen kastar skugge på jorda. Ved total solformørking er heile solskiva dekt av månen sett frå jorda. Dette hender sjeldan fordi då må sola, månen og jorda stå heilt på linje.
Måneformørkingar skjer når jorda kjem mellom månen og sola slik at månen kjem inn i skuggen til jorda.
Kommentarer/praktiske tips
Det er ikkje lett å vise formørkingane eksperimentelt. Forståinga kan utviklast ved bruk av dramatisering, modellar og simuleringar. Spesielt vil vi framheve ein modell som gjer bruk av ein globus, ei sterk lyskjelde og ein liten ball som kan representere månen.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
2. trinn
- planlegge og gjennomføre undersøkelser av vær og himmelfenomener og sammenligne målinger, observasjoner og værtegn gjennom året (KM789)
-
7. trinn
- beskrive og visualisere hvordan døgn, månefaser og årstider oppstår, og samtale om hvordan dette påvirker livet på jorda (KM803)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)