naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
- barnetrinn 3-4
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Skuggar som beveger seg
Korleis forandrar skuggen seg i løpet av eit døgn? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Sidan jorda roterer ein gong rundt sin eigen akse i løpet av eit døgn, vil det gå eitt døgn mellom kvar gong skuggen frå stonga fell på same stad. Sjølv om posisjonen til sola på himmelen endrar seg i løpet av dagen, beveger jorda seg med konstant fart slik at skuggen alltid beveger seg med same fart.
Kommentarer/praktiske tips
Å observere og notere endringar i posisjonen til skuggen av stonga på ulike tidspunkt i løpet av dagen vil gi dokumentasjon på rotasjonsfarten. Ein globus og ei lyskjelde kan vere nyttige hjelpemiddel for å forstå korleis skuggen blir danna og kvifor han beveger seg.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Energi og materie (KE69)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)