naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Juletre
Diskuter utsegnene i grubleteikninga om lysa i juletre, og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Juletrebelysning kan brukast til å utforske forskjellen mellom serie- og parallellkopling. I ei seriekopling er lyspærene kopla saman i ei samanhengande linje. I ei parallellkopling er pærene kopla saman slik at straumen kan gå gjennom ei pære utan å gå gjennom dei andre. Juletrelys kan vere kopla saman på ulike måtar så vi må undersøkje koplinga i kvart enkelt tilfelle. Nokre juletrebelysningar er kopla i parallell slik at ikkje alle pærene sløkkjer dersom ei pære ryk, mens andre er kopla i serie slik at alle pærene sløkkjer dersom ei pære ryk. I andre opplegg er pærene kopla i serie, men det er ei slags parallellkopling (by-pass) i sokkelen, slik at pærene lyser sjølv om ei pære går. Det er derfor det også er mogeleg å slå av alle juletrelysa ved å skru ut ei pære.
Kommentarer/praktiske tips
I klasserommet kan vi undersøkje og analysere eit sett juletrelys, eller vi kan lage ein modell av juletrelyskrinsen med eit batteri nokre leidningar og nokre lyspærer. På denne måten kan vi undersøkje både serie- og parallellkopling og kombinasjonar av desse koplingane. Juletrebelysning blir vanlegvis kopla til straumnettet, men vi skal ikkje bruke straumnettet i nokre av undersøkingane våre.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Teknologi (KE68)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
4. trinn
- utforske teknologiske systemer som er satt sammen av ulike deler, og beskrive hvordan delene fungerer og virker sammen (KM797)
-
7. trinn
- utforske, lage og programmere teknologiske systemer som består av deler som virker sammen (KM773)
- utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)