naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
Ubåt
Kor mykje kan faste stoff, væsker og gassar pressast saman? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Føremålet her er å finne ut kor mykje faste stoff, væsker og gassar kan pressast saman. Vanlegvis kan ikkje faste stoff og væsker pressast saman i særleg grad. I gassar er avstanden mellom kvar partikkel mykje større enn i faste stoff og væsker. Det er derfor lettare å komprimere gassar enn faste stoff og væsker.
Kommentarer/praktiske tips
Det er mogeleg å undersøkje kor mykje faste stoff, væsker og gassar kan pressast saman. Elevane kan måle volumet til eit stoff og deretter utsetje stoffet for auka trykk, for eksempel ved å ha stoffet i ei stor eingongssprøyte. Då vil dei kunne observere at gassar, men ikkje væsker og faste stoff lèt seg komprimere. Elevane kan måle eventuelle volumendringar, og dei kan undersøkje korleis volumet til faste stoff, væsker og gassar endrar seg med temperaturen.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal oppsummere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- bruke partikkelmodellen til å forklare faseoverganger og egenskapene til faste stoffer, væsker og gasser (KM829)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)