naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
Tekanne
Vil teen halde seg varm i alle slags tekanner? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Her er hensikta å observere kor raskt temperaturen endrar seg på grunn av energioverføring som varme til omgivnadene. Energitapet frå tekanna er avhengig av faktorar som tjukkleiken til tekanna (det tar lengre tid å kjøle ned ei tjukk kanne enn ei tynn kanne), kva for stoff ho er laga av (metall leier varmeenergi godt) og farge (mørke fargar mistar energi raskare enn lyse fargar). Samspelet mellom fleire av desse faktorane vil påverke kor nøyaktig elevane kan beskrive resultatet.
Kommentarer/praktiske tips
Elevane kan undersøke ulike tekanner som er fylte med vatn. Dei kan måle kor raskt temperaturen søkk med eit termometer. Ulike behaldarar som er fylte med vatn kan brukast for å sjå på kvar faktor (tjukkleik, materiale, farge) for seg.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere.