naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
Små fisk
Kvifor er fiskane i ein dam så små? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Dette er ein situasjon der det er fleire riktige svar. Ei bestemt gruppe fisk kan vere små på grunn av genetisk arv, fordi dei har for liten tilgang til næringsrik mat, på grunn av ulike faktorar i omgivnadene eller det kan vere ein kombinasjon av fleire av desse faktorane.
Kommentarer/praktiske tips
Det er ikkje enkelt å undersøkje fisk i ein dam. Planter er lettare å arbeide med enn dyr. Ei rekkje faktorar kan varierast for å undersøke korleis dei påverkar veksten og den endelege storleiken til planta. Dette kan vere å bruke planter frå ulike morplanter, variere lysmengd, endre næringstilgang eller endre tilgjengeleg plass.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
10. trinn
- utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)