Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • vg1

Varm sol

Vil sola varme opp jorda slik at ho blir varmare for hvert år? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Varm sol

Faglig forklaring

Sjølv om jordoverflata heile tida tar imot energi frå sola, strålar ho også energi tilbake til verdsrommet. Over ein lang tidsperiode oppstår ei likevekt slik at temperaturen blir stabilisert. I dei seinere åra har fleire drivhusgassar bidratt til å forskyve denne likevekta slik at gjennomsnittstemperaturen på jorda har begynt å stige. Kanskje vil det på sikt bli oppretta ei ny likevekt, men med høgare gjennomsnittstemperatur enn i dag.

Kommentarer/praktiske tips

Dette spørsmålet kan undersøkast ved å bruke fleire forskjellige kjelder. Data om temperaturen på jorda på forskjellige stadar er godt dokumentert og kan hentast frå fleire ulike kjelder på Internett. Samanhengen mellom moderne livsstil og global oppvarming bør kunne føre til ei sterk kopling mellom vitenskapeleg kunnskap og personleg handling.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • Vg1 SF
      • utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)
      • utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserende stråling, og vurdere informasjon om stråling og helseeffekter av ulike strålingstyper (KM817)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)