Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • vg1

Vasskjele

Krevst det mindre energi å halde ein vasskjele varm over tid enn å varme han opp ved behov? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Vannkjele

Faglig forklaring

Det er ei alminneleg kvardagsførestilling at det krevst mindre energi å halde ein vasskjele varm over tid enn å varme han opp ved behov. Jo høgare temperatur kjelen har, desto meir energi vil bli overført til omgivnadene. Når vatnet er varmt heile tida, vil det miste energi til omgivnadene, og det vil krevje tilførsel av energi for å halde temperaturen konstant. Når vatnet er kaldt, vil det ikkje miste noko energi, slik at det mest energieffektive vil vere å varme det opp ved behov.

Kommentarer/praktiske tips

Dette kan illustrerast gjennom enkle forsøk, kor vi brukar varmeelement i for eksempel ein vasskokar til å varme opp same mengde vatn på forskjellige måtar. Den totale elektriske energien som blir bruka, blir registrert undervegs og samanlikna. Alternativt kan vi undersøke kor raskt vatnet blir avkjølt ved forskjellige temperaturar, og rekne ut energien som går tapt til omgivnadene i dei forskjellige situasjonane.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)