naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
Soling
Får vi energi frå sola når vi solar oss? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
I denne situasjonen oppstår forvirringa fordi vi i daglegtale bruker ordet energi i forskjellige tydingar. Energi blir overførd frå sola til huda vår, men vi kan ikkje omsetje energien direkte. Ho varmar oss opp, slik at vi begynner å sveitte. Vi kjenner oss slappare eller mindre energiske, fordi solskinet får oss til å kjenne oss søvnige. Vi har ikkje mindre energi, vi har berre mindre lyst til å røre oss.
Kommentarer/praktiske tips
Det er enkelt å demonstrere at solstrålane overfører energi. Vi kan kjenne at overflatetemperaturen til huda aukar, vi kan bli solbrente dersom vi oppheld oss i sola for lenge. Solstrålane kan fokuserast på eit papir gjennom ei linse slik at papiret tek fyr. Det er også mogeleg å vise korleis kjensla av å vere energisk kan påverkast av mange forskjellige faktorar, også av temperaturen i omgivnadene.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)