naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
Rask bil
Forbrukar ein bil drivstoff eller energi? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Bensin er ikkje energi, men det er ei energikjelde som frigir energi når ho brenn med oksygengassen i lufta. Når bilen køyrer, treng han energi for å bevege hjula. Det er drivstoffet som blir brukt ved forbrenning og energi blir frigjort. Energien i seg sjølv blir ikkje brukt opp, men blir overført til hjula som beveger seg. Mykje av energien vil likevel bli spreidd til omgivnadene og føre til ei svak temperaturstigning. Energien blir ikkje skapt og blir heller ikkje brukt opp, han blir berre overført frå ein stad til ein annan, eller han skifter form.
Kommentarer/praktiske tips
Ved å undersøke bensinmålaren i bilen før og etter ei lang reise, er det tydeleg at det er brukt bensin. At motoren får auka temperatur og gir frå seg lyd, at bilen beveger seg og at billyktene lyser, viser at energien blir overført til andre former og stader. Det kan vere nyttig å undersøke energioverføringar i kvardagen. For eksempel kan energien i ein vedkubbe bli overført via ein flamme som kan varme opp ein kjele – som igjen kan varme vatn, som så kan varme opp og koke poteter. Under alle desse energioverføringane vil noko av energien bli overført til omgivnadene, mens resten blir overført dit energien er ønska og nyttiggjort.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
4. trinn
- utforske observerbare størrelser som fart og temperatur og knytte dem til energi (KM800)
-
10. trinn
- gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
-
Vg1 TP
- undersøke og vurdere ulike metoder for lagring og overføring av energi (KM743)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)