naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Forsøk og praktisk arbeid
Dialogspelet
Hensikten med aktiviteten er å la elevane reflektere omkring, og diskutere, eit fagleg tema.
Aktiviteten legg til rette for at alle elevane kjem til orde, og at dei får øve på å lytte til kvarandre, snakke etter tur, ta stilling, grunngi standpunktet sitt og vurdere ulike perspektiv.
Aktiviteten er veldig godt eigna for å diskutere komplekse problestillingar der det ikkje nødvendigvis er eitt riktig svar, knytt til f.eks. berekraft og miljø, helse og livsmeistring eller demokrati og medborgarskap.
Gjennomføring:
- Del elevane i grupper på tre.
- Del ut utstyr til kvar gruppe:
- eit ark med fire ruter merka med «einig», «litt einig», «litt ueinig» og «ueinig» nynorsk | bokmål
- eit sett med påstandar knytte til eit tema de jobbar med (det bør vere påstandar det er mogleg både å vere einig og ueinig i utan å ta feil).
- ei spelebrikke til kvar elev (bruk f.eks. knappar, viskeler, legoklossar i ulike fargar e.l.)
- Be gruppene trekke ein påstand. Kvar enkelt på gruppa skal vurdere kor einige dei er i påstanden og plassere brikka si i ei av rutene på brettet, frå heilt einig til heilt ueinig, utan å seie noko.
- Når alle på gruppa har plassert brikka, tar dei ei runde der kvar grunngir kvifor dei plasserte seg der.
- Sei at dei kan flytte på brikka si dersom dei har endra meining etter å ha høyrt grunnane til dei andre på gruppa, og seie noko om kva som gjorde at dei endra meining.
- Elevane gjentar prosedyren for kvar av påstandane.