Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10

Løper du raskare enn vinden?

Målet med denne økta er at elevane skal få ei forståing av vindstyrkar i praksis. Ein kombinasjon av naturfag, gym og matematikk!

Førebuing

I utedelen treng kvar gruppe på tre elever:

  • stoppeklokke (eller bruk mobilar)
  • blyant
  • hyssinglengde e.l. på 1 m til å måle opp løpestrekninga
  • elevarket:

I etterarbeidet treng kvar elevgruppe:

Gjer deg kjend med presentasjonen som skal brukast i etterarbeidet:

Ute, 30 min

Samle elevane i ein halvsirkel framfør deg. Fortel at de i denne økta skal bli kjende med kor fort vinden bles i ulike vindstyrkar som bris, kuling og storm. Be elevane kome med forslag på kor fort vinden bles når det er full storm [87–101 km/t = 24–28 m/s]. Fortel at vi kan bruke både km/t og m/s når vi oppgir fart. Om vind bruker vi vanlegvis m/s.

Del elevane inn i grupper på tre. Fortel at dei får nokre oppgåver på eit ark, og at løpestrekninga skal vere 10 m. Del ut elevark, blyantar og stoppeklokker.

Etterarbeid i klasserommet, 30 min

Be elevane sette seg i dei same gruppene som dei jobba i ute. Bruk presentasjonen.

Side 2: Spør dei om kva toppfart dei trur Usain Bolt og Elaine Thompson-Herah løp i?

Side 3: Forklar/repeter kort korleis vi reknar ut løpefarten i m/s (og ev. korleis vi omgjer mellom m/s og km/t ved å gonge/dele med 3,6).

Side 4: Be kvar elevgruppe åpne reknearket og fylle inn dei grøne cellene ut frå notata dei tok ute.

Side 5: Del ut arket med tabellen over vindstyrkar. Be elevane sjå på farten dei rekna ut i oppgåve 2 og samanlikne med tabellen. Løp dei i dei vindstyrkane dei trudde?

Side 6: Gå inn på yr.no, og finn vindstyrken i området de er. Samanlikn med det elevene noterte på arket.

Side 7: Be elevane sjå på farten dei har rekna ut i oppgåve 3, og samanlikne med tabellen. Løp dei i same fart som dyra? Kva for nokre dyr klarer vi å løpe frå?

Side 8: Sjå filmen frå NRK skole https://www.nrk.no/skole-deling/25511 (frå 1:34 til 7:00)

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
  • Læreplan i kroppsøving (KRO01-05)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • anerkjenne ulikskap mellom seg sjølv og andre i bevegelsesaktivitetar og inkludere alle, uavhengig av føresetnader (KM2035)
  • Læreplan i matematikk 1.–10. trinn (MAT01-05)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • lage, løyse og forklare likningssett knytte til praktiske situasjonar (KM224)