Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Sorteringsaktivitet

Sorteringsaktivitetar kan bli gjennomført på ulike måtar og brukt i ulike fag og tema. Elevane kan f.eks. sortere ord, omgrep, gjenstandar, regnestykke, bilde e.l.

  sko

Hensikten er å gi elevane tid til å tenke, diskutere og aktivere forkunnskap før dei mottar ny informasjon om det aktuelle temaet. Det legg både til rette for at dei deltar meir aktivt og er meir mottakelege for ny informasjon. I tillegg blir elevane sin læringsprosess vektlagt, tenking og forståing framfor fasitsvar eller sluttprodukt, slik at alle kan delta og bidra. 

Her skal elevane sortere bilde av ulike sko for å lære om eigenskapar. Ved å bytte ut med andre bilde kan aktiviteten passe til andre tema. 

  • La elevane samarbeide i par eller grupper på tre.
  • Fortell elevane at dei skal lære om eigenskapar ved å sortere sko på ulike måtar. Be dei først om å sortere skoa etter om dei meiner dei er innesko eller utesko. Få fram at det ikkje er noko som er riktig eller feil. Oppsummer felles. Anerkjenn ulike svar, men be elevane om å begrunne kvifor dei meiner at skoen er inne- eller utesko [varme, vasstette, harde, mjuke].
  • Be elevane så sortere etter fleire ulike eigenskapar (f.eks. om skoa er harde eller mjuke, kva farge dei har, osv.) Be dei begrunne sorteringane. 
  • Fortell elevane at mykje av det dei har nemnt om dei ulike skoa, er eksempel på eigenskapar. Sei at lett, tung, hard, mjuk, fargelaus, bøyeleg og så vidare er eigenskapar. Eigenskapane seier noko om korleis skoa er. Eigenskapar er for eksempel korleis noko ser ut, luktar, smaker, kjennest eller kva slags lyd det lagar. Når vi brukar sansane våre, seier vi at vi observerer.
  • Be elevane bruke denne informasjonen til å finne ein annan måte å sortere skoa på. Dette kan vere om dei er lette eller tunge, vasstette eller ikkje, bøyelege eller ikkje osv. 

Eksempel på andre sorteringsaktivitetar:

Kva for dyr lever i vatn?

Kvart elevpar får utdelt eit sett med bilde av ulike dyr. Både dyr som lever på land og dyr som lever i vatn (blåkval, oter, bever, skilpadde, frosk, ulv, hare, katt m.fl.).

  • Para sorterar først bilda på valfri måte (for eksempel kva for dyr dei har sett med eigne auge og kva for dyr dei berre har sett på bilde, kva dyr dei kan ha som kjæledyr e.l.)
  • Deretter sorterar dei etter om dei trur dyra lever i vatn eller ikkje, og prøver å grunngje sorteringa.
  • Etterpå fortel læraren litt om dyra på bilda, og om samanhengar mellom dyr sine tilpassingar og leveområde.
  • Para diskuterer så om den nye informasjonen gjer at dei vil endre på kva dyr dei meiner lever i vatn, på land eller begge deler.
  • Til sist diskuterer og konkluderer læraren saman med klassen kva for dyr som lever kvar, og knyttar dette til tilpassingar hos dyra.

Kjemisk reaksjon eller ikkje?

Kvar elevgruppe får utdelt eit sett med bilde av ulike fenomen, bl.a. is som smeltar, ein rusta sykkel, brøddeig som hever, osv. Dei blir bedt om å sortere bilda etter om dei meiner dei viser ein kjemisk reaksjon eller ikkje, og prøver å grunngje sorteringa.

  • Gruppene deler kort sorteringa og grunngivingaen sine med resten av klassen.
  • Deretter gir læraren ein kort presentasjon om kjenneteikn på kjemiske reaksjonar, før gruppene får moglegheit til å diskutere og ev. revidere sorteringa si med utgangspunkt i den nye informasjonen. Eventuelt kan elevane sjølv finne kjenneteikn, og bruke kjelder dei får presentert av læraren.
  • Til sist deler gruppene kva for endringar dei har gjort på bakgrunn av den nye informasjonen, og saman konkluderer klassen om kva for bilde som viser ein kjemisk reaksjon og kvifor.

Levande eller ikkje?

Henta frå undervisningsopplegget Cella som system

  • Elevpar sorterer bilde etter om dei viser noko levande eller ikkje-levande.
  • Felles diskusjon om kva som kjenneteiknar det elevane har sortert som levande. Læraren supplerer elevane sine kjenneteikn med forskarar sine kjenneteikn på liv.
  • Para får utdelt eit nytt sett med bilde, og sorterer dei i levande eller ikkje-levande med utgangspunkt i kjenneteikna på liv.
Naturfaglig språk

  • eigenskap
    korleis eit stoff ser ut, luktar, smakar, kjennest, kva slags lyd det lagar eller korleis det blandar seg med andre stoff

Læringsressurs