naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
- barnetrinn 3-4
Korleis lage saft av villblomstrar?
Målet med denne økta er at elevane skal hauste frå naturen for å bli bevisste på korleis naturressursar kan brukast på eit berekraftig vis.
Førebuing
Finn eit område med geitrams, mjødurt eller løvetann. Skaff posar, boksar eller bøtter til å legge blomstrane i og ei vekt til å vege blomstrane med. Ei vanleg kjøkkenvekt passar fint.
Til saftinga treng de vatn, sukker og sitron.
Til éin liter saft trengst:
- 150 g villblomstrar
- 1 l vatn
- 5 dl sukker
- Ca. 25 g sitronsyre
Sjå gjennom presentasjonen. Det er laga sider for alle dei tre blomstrane (geitrams, mjødurt eller løvetann), men dei to siste ligg som skjulte sider.
Presentasjon til etterarbeidet:
Ute, 20 min
Samle elevane i ein halvsirkel framfor deg. Fortel at elevane i denne økta skal lage saft av villblomstrar. Først må blomstrane plukkast, og dei treng 150 gram blomstrar til éin liter saft.
Vis fram kva blomstrar elevane skal plukke. Spør elevane kor mange blomstrar dei trur dei må ha for å få 150 gram, og korleis dei enklast mogleg kan plukke blomstrane av planten. Gje elevane eit avgrensa område dei skal halde seg innafor når dei plukkar.
La vekta stå framme slik at elevane kan vege posen/bøtta undervegs.
Etterarbeid i klasserommet, 40 min
Legg blomstrane i eit dørslag, skyl dei og legg dei over i ein bolle. Kok opp vatn og set til sukker og sitronsyre. Røyr til alt sukkeret har løyst seg opp. Hell sukkerlaken over villblomstrane og avkjøl.
La blandinga stå kjøleg i fire dagar. Når safta er sett til kjøling, be elevane sette seg. Gå gjennom presentasjonen.
Servering
Etter fire dagar, sil safta og hell ho på ei rein flaske. Bland ut safta, for eksempel i blandingsforholdet 1:4. Server til klassen, gjerne til litt isbitar og smak.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
2. trinn
- utforske et naturområde i nærmiljøet og beskrive hvordan noen organismer er tilpasset området og hverandre (KM787)
-
4. trinn
- delta i høsting og bruk av naturressurser og drøfte hvordan naturressurser kan brukes på en bærekraftig måte (KM780)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
- Å kunne regne (GF4)