naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Gjennomføring av økt 2
Ark 17–18 i PowerPoint-presentasjonen. Sortere utsegner. Fortel kort at teknologi og berekraftig utvikling heng saman. Teknologi kan bygge opp under ei berekraftig utvikling, og teknologi kan øydelegge for ei berekraftig utvikling. Berekraftig utvikling har tre dimensjonar: sosiale forhold, miljø og klima og økonomi. Be elevane om å sortere utsagna etter kva for dimensjon av berekraft dei meiner dei høyrer heime i. Poengter at det ikke er riktige/uriktige svar her og at dei skal få moglegheit til å revidere sorteringa etterpå.
Ark 19–20. Film om berekraftig utvikling. Fortel at elevane skal sjå ein film om berekraftig utvikling. Sei at dei etter filmen skal fortelje éin ting frå filmen som dei la merke til.
Bruk tenk-par-del om kva elevane la merke til i filmen.
Ark 21–22. Revidere sortering. La elevane revidere sorteringa si etter å ha sett filmen. Ta ei runde for å høyre korleis elevane har sortert utsegnene.
Ark 23. Velje produkt til oppdraget. La elevane jobbe i gruppene sine der dei diskuterer kva for eit produkt dei tenker å designe eller forbetre og kva for dimensjon av berekraftig utvikling dette vil handle mest om.
Ark 24–25. Oppsummer om oppdraget. La elevane fortelje kva dei har valt av produkt eller produktforbetring. Fortel at for å løyse oppdraget best mogleg, skal de i neste økt sjå på heile livsløpet til produktet.