naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
- barnetrinn 3-4
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
- fysikk 1
- fysikk 2
- kjemi 1
- kjemi 2
- geofag x og 1
- geofag 2
- teknologi og forskningslære x og 1
- teknologi og forskningslære 2
Sortere bilde
Å sortere bilde i to eller fleire kategoriar kan elevane gjere i mange ulike tema. Hovudpoenget er å grunngi kvifor dei sorterer slik dei gjer.
Be elevane følge lenka under (eller bruke desse bilda) og sortere i fellesskap bilda i kategoriane levande og ikkje levande:
https://www.viten.no/filarkiv/levende/oppgave.html
Gå gjennom sorteringa. Truleg hadde elevene få problem med å sortere bilda. Men utfordre dei nå: Er det noko vi kan observere på bilda som fortel oss at noko er levande? Nokre kjenneteikn som kan brukast som bevis? Be kvart elevpar setje opp punkt.
Etter eit minutt eller to ber du elevane komme med punkt de har notert. Noter punkta på tavla undervegs. Her er ikkje poenget om punkta er riktige eller gale, men at elevane har tenkt sjølve.
Fortel elevane: Menneske har diskutert og lurt på kva som er kjenneteikn på liv opp gjennom historia, og forskarar diskuterer fortsatt dette i dag.
Dei vanlegaste punkta vi brukar i dag for å seie kva som er levande er:
- tar opp næringsstoff og kvittar seg med avfallsstoff
- har gassutveksling («pustar»)
- veks
- formeirar seg
- beveger seg
- sansar og reagerer på forandringar i omgivnadane
Samanlikn denne lista med det klassa kom opp med.
Del ut eller vis neste runde med bilde. Be elevane sortere desse bilda også i kategoriane levande og ikkje levande, og be dei grunngi kvifor. Her er det valt bilde som blant anna problematiserer grensa mellom levande og ikkje levande. F.eks. har vissent lauv og oppskoren lauk vore levande.
Denne problemstillinga kjem truleg opp. Viss ikkje kan du stille spørsmål om det visne lauvet og lauken til elevane. Diskuter det litt i klassa og presiser så at levande i sorteringsoppgåva skal bety er eller har vore levande. Vis at levande-feltet kan delast i to. Be elevpara legge til same inndeling på sitt ark og at dei da ev. kan justere plasseringa av bilda.
Spør nokre elevpar kvar dei plasserte dei ulike bilda og kvifor.
Merk! Bilda av eld og elv er med fordi dei oppfyller mange av kjenneteikna for liv i lista, men dei er likevel ikkje levande. Eit viktig kjenneteikn for levande organsimar er at dei er bygde opp av celler.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
10. trinn
- utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)