Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 1-2
  • barnetrinn 3-4
Tidsbruk
  • 15–30 min

Overflata rivnar

Ein drope såpe er nok til å øydelegge vasshinna.

Skyl bollen heilt rein for såpe. Skyl lenge. Ikkje tørk av bollen. Klutar er aldri heilt reine for såpe. Skyl hendene også. Bli kvitt all såpe!

 

Det er kanel på vannet utafor fyrstikkene. En dråpe såpe er nok til at hinna revner.

Hell vatn i bollen. Legg tre fyrstikker på vatnet, og pirk fyrstikkene saman til ein trekant. For å markere vassoverflata strør vi litt kanel utover vatnet utanfor fyrstikktrekanten.

Drypp forsiktig ein drope flytande vaskemiddel ned på vatnet mellom fyrstikkene. Vasshinna sprekk på ein blunk, og fyrstikkene fer frå kvarandre.

 

Faglig forklaring

Styrken av vasshinna mellom fyrstikkene blir kraftig redusert av såpa, medan vasshinna på utsida er like sterk som før og trekkjer fyrstikkene utover.

Kommentarer/praktiske tips

Mygglarvar heng i vatnet si overflatehinne. Dersom overflatespenninga blir lita, fell larvane av og druknar. I område med mykje malariamygg spreier ein vaskemiddel på sjøar og vatn for å bli kvitt myggen. Sjå forsøket Såpeenergi.

Materialer og utstyr

  • Bolle til vatn
  • Fyrstikker
  • Kanel
  • Flytande vaskemiddel

Kan utføres i sammenheng med