Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10

Livet i dammen

Kan dyr få for lite oksygen i ein vassdam? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Livet i vanndammen

Med mindre forholda er heilt spesielle, er det lite sannsynleg at fiskane vil bruke opp all oksygengassen i vatnet. Fisk har levt i dammar og innsjøar i mange år utan at oksygengassen er brukt opp slik at fisken døyr. Oksygengass frå lufta løyser seg heile tida i vatnet. Planter i vatnet sørgjer også for tilførsle av oksygen gjennom fotosyntesen.

Ei praktisk undersøking av denne situasjonen kan innebere at fisken vil lide eller døy, noko vi bør unngå. Med passande utstyr går det an å måle at oksygengass frå lufta løyser seg i vatnet og at planter vil auke mengda oksygen i vatnet i løpet av dagen. I tillegg kan vi undersøke korleis vasslevande planter tek opp karbondioksid løyst i vatnet gjennom fotosyntesen.

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.