naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
- fysikk 1
- fysikk 2
Eksisterer lyd i vakuum?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Spør: Kva er lyd? Bruk tenk-par-del Sei: Ein definisjon er at lyd er trykkvariasjonar. Ein annen er at lyd er trykkvariasjonar som gir hørselsinntrykk. Snakk saman om lyd er avhengig av at det er nokon som kan høyre lyden.
Spør: Korleis trur de at lyd beveger seg i luft? Snakk saman om korleis astronautar kan kommunisere med kvarandre. Spør: Kor mykje lyd er det på månen eller ute i verdsrommet? Dersom det er tynnare luft på toppen av Mount Everest enn ved havet, vil det påverke kva vi høyrer?
Faglig forklaring
Lydbølger er vibrasjonar som går frå ei kjelde til øyra våre. Vanlegvis går lydbølgene gjennom lufta. Objekt som lagar lyd vibrerer, slik som høgtalaren på ein TV eller radio. Vibrasjonane får luftpartiklane til å vibrere i det laget som er i direkte kontakt med lydkjelda. Dette vibrerande laget overfører vibrasjonane til det neste laget med partiklar. Denne prosessen fortset etter kvart som vibrasjonane beveger seg gjennom lufta. Lydbølgene er der sjølv om ingen merkar det, så lyden kan eksistere sjølv om ingen høyrer han.
Lyd kan ikkje gå i vakuum, fordi det er ingen partiklar som overfører vibrasjonane. I det ytre rom er det vakuum, så der er det ikkje lyd.