Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • kjemi 1
  • kjemi 2

Magnesium brenn

 

5.9 Magnesium brenner NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Demonstrer forbrenning av magnesium for elevane: NB! Be dei ikkje sjå direkte på flammen som kjem, fordi det kan skade synet. Hold ein liten bit med magnesium med ein pinsett inn i flammen på ein gassbrennar. Alternativt kan du brenne stålull. 

Spør: Kva observerer de? Trur de magnesiumbiten/stålulla blir tyngre eller lettare? Prøv å vege før og etter, eventuelt bruk ei skålvekt der du har to like bitar på kvar si skål og brenn den eine. 

Snakk saman om det som skjer og om nokre gassar eller røyk kan bli borte ved brenning. Spør: Kan vi samle og vege desse? Kan noko bli helt borte når det brenn? Kva skjer når vi brenn ved eller andre karbonhaldige stoff? 

Spør: Kva for råd vil de gi ein gullsmed om kva for metall som er best å bruke til smykke og kva som ikkje eignar seg. Kvifor? 

Faglig forklaring

Når magnesium brenn, bind magnesiumatoma seg saman med oksygenatom frå lufta og dannar eit nytt stoff som vi kallar magnesiumoksid. Alle magnesiumatoma er der fortsatt, men kvart av dei har bunde seg saman med eit oksygenatom. Til saman veg dette meir enn berre magnesiumatoma. Ein kjemisk reaksjon skjer når eit sett av stoff, kalla reaktantar, blir omdanna til nye stoff, kalla produkt. I eit labotorium kan vi vise at magnesiumoksidet som blir danna, dersom vi sørger for at ikkje noko blir borte, er tyngre enn magnesiumet som var utgangspunktet. Nokre veldig reaktive metall, som for eksempel natrium, dannar oksid utan å brenne. Dei berre reagerer med oksygen i lufta. 

Når ved eller andre karbonhaldige stoff brenn, blir det først og fremst danna karbondioksid. Denne gassen vil sveve ut i lufta og vere vanskeleg å vege. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • utforske kjemiske reaksjoner, forklare massebevaring og gjøre rede for betydninger av noen forbrenningsreaksjoner (KM838)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

magnesium
gassbrenner
pinsett
stålull
skålvekt/vekt