naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- kjemi 1
- kjemi 2
Kvar kjem metall frå?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Be elevane lage ei liste over vanlege metall dei har heime. Be dei bruke periodesystemet.no for å finne ut kvar desse metalla kjem frå. Spør: Kor mange metall kan du namnet på? Mange kan kanskje komme på ti metall, men det finst mange fleire. Be elevane sjå på periodesystemet for å finne dei metalla dei kjenner til.
Be elevane finne ut kva for ordning kommunen har for å resirkulere metall. Spør: Kvifor trur de at det er viktig å resirkulere metall?
Sei: Metall har vore viktig gjennom historia. Be elevane lage ein tabell som viser korleis ulike metall og metalleigenskapane har påverka sivilisasjonar gjennom dei siste 5000 åra.
Faglig forklaring
Ordet metall kjem av det greske métallon som betyr gruve eller bergverk. Dette seier oss kvar dei fleste metalla kjem frå. Dei fleste metalla blir funne i jordskorpa. Nokre metall er lite reaktive og blir funne som reine metall, for eksempel gull. Folk oppdaga og bruka gull for meir enn 7000 år sidan. Dei fleste metalla er meir reaktive enn gull, og desse finn vi i jordskorpa som sambindingar som vi kallar malm. Malm blir vunne ut i gruver. Dersom metallet er veldig reaktivt, må det mykje energi til for å vinne det ut av malmen. Metall kan også blir resirkulert frå metallgjenstandar. Dette krev vanlegvis mindre energi enn å vinne ut frå malm. Vi lagar ikkje metall, det er allereie til stades på jorda, sjølv om det kan vere vanskeleg å vinne det ut.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- bruke atommodeller og periodesystemet til å gjøre rede for egenskaper til grunnstoffer og kjemiske forbindelser (KM839)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)