naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
Kva er skyer, dis og tåke?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Diskuter kva som skjer når vi pustar ut på ein kald dag. [Det kjem røyk ut av munnen] Spør: Kvifor trur de at dette skjer? Sei: Sjå for dykk røyk som stig opp frå ei pipe. Trur de at røyk er fast stoff, væske eller gass? [blanding av alle tre] Snakk saman om korleis tåke er og korleis vi kan finne ut om tåke er det same som røyk.
Sei: Har de høyrt om smog? Ordet er sett saman av det engelske fog som betyr tåke og smoke som betyr røyk. Be elevane undersøke ved hjelp av internett kva smog er og kor vi kan finne det. Be dei lage eit kart over kva for byar som har skadeleg smog, og beskrive grunnen til at dei har det.
Faglig forklaring
Skyer, dis og tåke er laga av bitte små vassdropar som blir danna når vassdamp kondenserer. Desse dropane er så lette at dei ikkje fell ned som regn. Dei blæs vekk med vinden.
Røyk er ei blanding av fast stoff, væske og gass som blir danna når noko brenn. Det er ei kompleks blanding av ulike materiale, der nokre kan vere skadelege å puste inn. Brennstoffet brenn meir fullstendig når det er mykje oksygen til stades, og dette gir mindre røyk.
Smog er ein type forurensing som finst i byar. Det kjem av transportutslepp og forbrenning av kol blant anna. Sollys endrar røyken kjemisk. Det kan bli smog i skadelege mengder dersom det ikkje er vind nok til å blåse han bort.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
- bruke partikkelmodellen til å forklare faseoverganger og egenskapene til faste stoffer, væsker og gasser (KM829)
-
10. trinn
- utforske kjemiske reaksjoner, forklare massebevaring og gjøre rede for betydninger av noen forbrenningsreaksjoner (KM838)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)