naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
Er energi gratis?
Kva for kostnadar har energiutvinning?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Spør: Kva meiner vi med gratis energi? La elevane gjere eit google-søk på «vindturbin», «vannturbin», «kjernekraftverk» og «biogass» for å finne ut kvar energien kjem frå og kva som skjer med han. Be dei fylle informasjonen dei finn inn i ein tabell. Spør: Kva betyr fornybar og ikkje-fornybar energi? Korleis heng desse saman med klimaendringar?
Be elevane lage ein oversikt over fordelar og ulempar med ulike måtar å produsere elektrisitet. Dei kan bruke nettstadar som Pracital Action for å finne ut korleis dei kan velje den beste varianten av fornybar energi.
Faglig forklaring
Å gjere energi tilgjengeleg slik at vi kan bruke han, vil alltid koste noko, også om vi brukar naturressursar. Vindturbinar er dyre å bygge og må vere solide for å tole vêret. Det er dyrt å bygge vassdammar for vasskraft, og desse må vere solide for å halde tilbake vatnet. Biogass krev lufttette tankar for å bryte ned avfallet. Også solcellepanel er dyre å installere. Alle desse naturressursane kan gi oss energi, men det kostar å produsere. Kjernekraftverk er veldig dyre å bygge slik at dei er sikre. Radioaktivt avfall er radioaktivt i tusenvis av år og krev god lagring. I nokre avsidesliggande område er fornybar energiproduksjon i småskala det einaste som er tilgjengeleg.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- drøfte hvordan energiproduksjon og energibruk kan påvirke miljøet lokalt og globalt (KM842)
- gi eksempler på og drøfte aktuelle dilemmaer knyttet til utnyttelse av naturressurser og tap av biologisk mangfold (KM810)
-
Vg1 BA
- bruke begrepene energiovergang, energibevaring og virkningsgrad til å vurdere energiøkonomisering i bygg (KM707)
-
Vg1 EL
- bruke begrepene vekselstrømteknologi, likestrømsteknologi, energilagring og virkningsgrad for å beskrive og drøfte metoder for bærekraftig energiproduksjon (KM714)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)