naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
Påverkar frøstørrelsen spiringa?
Er det slik at store frø spirer raskare enn små frø? Eller kanskje dei små er raskare?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Del ut frø av ulik størrelse til elevane i smågrupper. Be dei sortere frøa etter størrelse.
Så fleire av kvart frøslag og registrer tida det tar før dei spirer. Pass på at det er like forhold for dei ulike frøa (kor djupt i jorda dei blir sådd, fuktighet osv.).
Be elevane rekne ut gjennomsnittstida for kvart frøslag. Be dei plotte resultata inn i eit punktdiagram. Spør: Er det ein samanheng mellom frøstørrelse og spiringsfart? Trur de det er ein fordel for frøa å spire raskt eller seint? Kvifor?
Del ut frøpakkar til gruppene og be dei å lage ein oversikt over kva for forhold frøa treng for å kunne spire.
Faglig forklaring
Det er mange ting som påverkar spiring. Viktige faktorar er vassmengde, oksygenmengde og temperatur. Alt dette påverkar enzymaktiviteten og kjemiske reaksjonar som er nødvendige for at frø skal spire. Det er viktig kor tjukt frøskallet er, fordi vatnet må gå gjennom dette for å aktivere enzym og starte spiringsprosessen. For eksempel kan det ta mange månadar før ei kokosnøtt spirer. Nokre frø treng spesielle forhold for å kunne spire, slik som brann, neddykking i vatn i lang tid eller riktig forhold mellom lys og mørke. Frøstørrelsen påverkar ikkje tida det tar før frøet spirer. Nokre små frø kan spire etter mindre enn ein dag, mens andre kan bruke månadar. Frø er i kviletilstand fram til forholda er riktige for å spire, sjølv om det kan ta mange år. Forskarar har klart å få frø til å spire som er over tusen år gamle.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
10. trinn
- utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
frø av ulik størrelse
frøpakkar med intruksjon
vatn
jord
beger