naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Diskusjonsoppgave
Passer for
- fysikk 1
Stearinlys i romskip
Lyset vil halde fram med å vere tent inni romskipet når romskipet står på utskytingsrampa, men ikkje når det går i bane. Kvifor?
Faglig forklaring
Når eit stearinlys vanlegvis brenn, vil den oppvarma karbondioksidgassen som flammen produserer, stige ved konveksjon, og oksygen som kjem inn nedenfra, vil halde forbrenninga ved like. Men når romskipet går i bane, er det ingen gravitasjon inni romskipet. Det vil med andre ord ikkje vere nokon konveksjon der. Den oppvarma karbondioksidgassen stig ikkje opp. Den vil i staden kvele flammen.