naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Diskusjonsoppgave
Passer for
- fysikk 1
Oppdrift i luft
Når det er luft tilstades inni glasklokka, balanserer den vesle jernballen og den store plastballen kvarandre. Dersom vi pumpar ut lufta frå glasklokka, vil den store plastballen
a) stige
b) søkke
c) vere i same posisjon
Faglig forklaring
Svar: b) søkke
Før vi pumpar ut lufta, vil kreftene som verkar på dei to ballane vere tyngda, krafta frå vektstonga og oppdrifta som skuldast lufta i omgivnadene. Ved å pumpe ut lufta, fjernar vi oppdrifta på kvar ball. Sidan oppdrifta tilsvarer vekta av fortrengt luftmengde, vil den største ballen ha den største oppdrifta. Dermed søkk den store ballen når oppdrifta blir borte.