naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- fysikk 1
Friksjon
Ho held boka i ro mot veggen som vist i figuren. Friksjonen på boka frå veggen verkar..
a) oppover
b) nedover
c) umogeleg å avgjere
Faglig forklaring
Dersom ho trykkjer boka mot veggen slik at vertikalkomponenten av krafta hennar på boka er mindre enn tyngda av boka, vil friksjonen verke oppover for at boka skal vere i ro. Dersom ho trykkjer slik at vertikalkomponenten av trykkraften hennar er lik boka si tyngd, vil det ikkje verke nokon friksjon frå veggen på boka.
Dersom ho trykkjer hardare slik at vertikalkomponenten av krafta hennar på boka overstig boka si tyngd, vil friksjonen verke nedover. Derfor kan vi ikkje avgjere retninga til friksjonen utan å vite korleis tyngda til boka er samanlikna med den vertikale komponenten av trykkraften hennar på boka.
Riktig løysing blir difor c) umogeleg å avgjere.