naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Diskusjonsoppgave
Passer for
- ungdomstrinn 8-10
- fysikk 1
Større eller mindre spegel?
For å kunne sjå meir av ansiktet sitt i spegelen, må ho..
a) halde spegelen nærmare
b) halde spegelen lenger unna
c) bruke ein større spegel
Faglig forklaring
Dersom ho held spegelen nærmare ansiktet, vil spegelbiletet verke større, men det gjer også spegelen. Dersom ho held spegelen lenger unna, vil både biletet og spegelen verke proporsjonalt mindre. Slik figuren viser vil ho sjå same del av ansiktet uansett kvar ho plasserer spegelen. Prøv sjølv og sjå! Dersom du ikkje kan sjå heile ansiktet ditt, treng du ein større spegel. Kor stort? Du treng minst halvparten av størrelsen på ansiktet ditt. Løsningen er derfor c), bruke ein større spegel.